Velkommen til handboka for Vestlandsbonden!
Denne "netthandboka" inneheld det aller meste av fagartiklar innan jord- og hagebruk. I menyen til venstre finn du hovudkategoriane av fagstoff og under kvart menypunkt er det frå to til 20 artiklar. Her finn du alt frå grundige dyrkingsrettleiingar for korn, stoff om slåtteutstyr og lettare artiklar som t.d. orientering om miljøplan. Noko for einkvar bonde med andre ord.
Internettsida oppstod i 2003 gjennom ein kjempedugnad mellom forsøksringane i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Vi mottok noko økonomisk stønad for å komme i gong. Forfattarane går gjennom artiklane sine jamnleg, og oppdaterer dei dersom det er trong for det. Oppdaterte artiklar er merka med dato i overskrifta.
Forsøksringane på Vestlandet ynskjer alle god lesnad!